Opus XVI onsdag 26. oktober klokka 19.30.

Den franske strykekvartetten Quatuor Modigliani har pryda framsida av The Strad, og vi har gleda av å kunne ønskje dei velkomne til Bergen.
Kvartetten markerer 225 år sidan Schubert blei fødd ved spele inn alle hans 15 kvartettar. Dei må kunne seiast å kjenne Schubert sitt repertoar for strykekvartettar godt, og deler kvartett nummer 7 med oss. I tillegg har dei med seg Split Apart, som dei sjølv har bestilt frå den britiske komponisten Mark-Anthony Turnage, og Leoš Janáček sine «intime brev» til ei 37 år yngre kvinne.
Program
Schubert: Strykekvartett nr. 7
Turnage: Split Apart
Janáček: Strykekvartett nr. 2 «Intime brev»
Billettar
Fortrinnsvis på førehand via Ticketco, eller via Vipps # 95982, ev. kort/kontant i døra.
Prisar: 300 (vanleg) 150 (medlem) 200 (Harmoniens venner, BT Fordel). Gratis for barn under 18 år.
Konserten blir arrangert med støtte frå Bergen kommune og Norsk kulturråd.